Johan H. Grimstad var ein norsk komponist og dirigent som prega repertoaret til mannskor over heile landet.
Han var utdanna lærar, med eksamen frå Volda lærarskule i 1951. Seinare studerte han harmonilære og kontrapunkt og tok songlærareksamen ved Musikkonservatoriet i Oslo (1956–57). Han underviste i grunnskulen og dreiv samstundes garden der han vaks opp.
Grimstad dirigerte kor i meir enn 60 år. Han skipa Grimstadkoret i 1940 og dirigerte sidan Hareid blandakor og Sunnmøre kristelege mannskor (1962–1992). Kring 1950 byrja han å komponere. Høgt frå den himmelske klåra er mellom dei mest nytta verka hans, og han har elles komponert kantater og sett tone og arrangement til om lag 300 songar. Han hadde sjølv ein stødig bassbaryton og var ofte å høyre som solist ved korkonsertar.
I 1960-åra var Grimstad mellom initiativtakarane til Hareidstemna, som han var leiar for i nær 30 år. Han var elles aktiv i målrørsla på Sunnmøre i 50 år og var lokallagsleiar fleire gonger i Hareid Mållag etter skipinga i 1955. Grimstad var ein aktiv samfunnsdebattant som talte for tradisjonelle nasjonale og kulturelle verdiar, og han hadde eit sterkt engasjementet i fråhaldsrørsla. I mange år var han redaktør for bladet Syskenbandet, som vart utgitt av fråhaldsrørsla IOGT. Som diktar gav han ut to samlingar, Kornet og freden (1980) og Havet og samvitet (2003).
Grimstad fekk fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal i 1978, Sparebankprisen – kulturpris for Hareid i 1988 ved Hareid Sparebank og Kongens fortenestemedalje i gull i 1993.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.