Kjell Venås var ein norsk språkforskar, truleg den mest produktive i sin generasjon. Dei faglege interessene hans femnde vidt, og han skreiv i mange sjangrar, frå grundige språkvitskaplege avhandlingar, via bøker, artiklar og bokmeldingar til populærvitskap og målpolitiske innlegg i blad og aviser. Og han skreiv godt. Målmann var han all sin dag og ein viktig støttespelar og talsmann for målrørsla.
Vegen hans til akademia var av det meir tungvinte slaget som mange bondestudentar måtte følgje, via lærarprøva, i Venås’ tilfelle ved Volda offentlege lærarskule 1954, så arbeid på Sogndal gymnas og realskole og examen artium som privatist ved Voss landsgymnas i 1956, og først etter det universitetsutdanning ved Universitetet i Oslo med hovudfag i 1960 i det som framleis kunne heite morsmål med gammalnorsk. Han blei dr.philos. i 1967, også ved Universitetet i Oslo, der han hadde resten av arbeidslivet sitt. I 1971 blei han tilsett i det professoratet som Marius Hægstad, Sigurd Kolsrud og Olav T. Beito hadde hatt før han, og som blei oppretta av Stortinget i 1899. Han sat i professoratet til og med 1997.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.