Fjellpartiet Veslemannen, som er ein liten del av den ustabile mannen, har hatt dei største rørslene. Mannen ser ikkje ut til å vere påverka av rørsler i Veslemannen, men utrasing av Veslemannen kan svekkje stabiliteten til Mannen.
Store delar av Veslemannen rasa ut 5. september 2019. Skredet var på om lag 50 000 kubikkmeter. Området var då evakuert for 16. gong sidan overvakinga av Mannen byrja.
Auka overvaking av fjellet blei sett i gang i oktober 2014 etter at det blei registrert større rørsler i partiet. Åknes/Tafjord Beredskap, NVE og Rauma kommune overvaker fjellet kontinuerleg. I løpet av 2015 auka rørslene igjen, opptil fleire centimeter i døgnet i samband med nedbør. I oktober 2017 bevega fjellet seg opptil 15 centimeter i døgnet. NVE pumpa då inn store vassmengder i eit forsøk på å få Veslemannen til å rase ut, utan at det lykkast. I august 2018 var det på ny mykje rørsle i fjellet, men berre i ein kort periode. I september 2018 var rørslene oppe i 60 centimeter i døgnet i den øvre delen av fjellpartiet. Hausten 2019 auka rørslene igjen, denne gongen opp mot éin meter i døgnet, og ein stor del av Veslemannen rasa ut 5. september 2019.
Den 16. evakueringa blei sett i verk 30. august 2019 då rørslehastigheitene auka i midtre og nedre del av Veslemannen til 14 centimeter per døgn i øvre del av fjellpartiet, 18 centimeter i midtre del og 8 centimeter i nedre del. Fram mot skredhendingane 5. september bevega fjellet seg som eit parti med hastigheiter på omring 100 centimeter i døgnet i øvre del og 70 centimeter i nedre del. 5. september var Veslemannen prega av fleire steinsprang og skred. Ein frontformasjon, kalla Spiret, ser ut til å ha hatt ein stabiliserande funksjon på Veslemannen, men denne er no borte. Det blir anslått at totalt 50 000 kubikkmeter masse gjekk ut.
Overvakinga i dag skjer mellom anna med GPS-antenner, bakkebasert radar mot terreng, laser, geofonar, elektronisk vater (tiltmeter), boreholsinstrument (DMS) som måler deformasjon, mikrofonar, ekstensometer (strekkstag), meteorologisk stasjon og webkamera.
Berggrunnen i området har kompleks falding med varierande foliasjon og fleire sprekkesett. Bergartane er i hovudsak diorittisk til granittisk gneis og migmatitt, med mindre område med amfibulitt og pegmatitt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.