Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook

Faktaboks

Simon Olaus Wolff
Fødd
10. oktober 1796, Snåsa, Trøndelag
Død
11. desember 1859, Sauherad, Telemark
Verke
Prest, diktar og målar
Familie

Foreldre: Sokneprest Frederik Christian Wolff (1767–1816) og Henrika Christianna Borchgrevink Molde (1765–1832).

Gift 8.12.1825 i Christiania med Karen Mathea Gløersen (19.11.1805–7.4.1888), dotter til major Christian Gløersen (1760–1835) og Karen Wetlesen (1773–1842).

Simon Olaus Wolff
Simon Olaus Wolff, teikna av Johannes Flintoe.
Av /Norsk portrettarkiv.
Lisens: CC0 1.0

Simon Olaus Wolff var ein norsk prest, forfattar og kunstnar. Han skreiv fleire nasjonale forteljingar, som Hardangerne og Brudstykke af ei Thellemarks-vandring, med enkelte dialektinnslag.

I språkdebatten i 1832 kom han med eit varmt innlegg for telemarksmålet og bygdemål i det heile. Dikta hans er karakteriserte som kraftpatriotisme.

Bakgrunn

Faren såg verdien i framande språk og underviste sonen saman med andre gåverike gutar frå Overhalla fram til han sjølv fekk nytt kall i Ulvik i Hardanger i 1810. Der hadde ikkje faren tid til å undervise, og sonen vart difor utan skulegang i seks år. Då faren døydde, fekk Simon økonomisk hjelp av ein slektning slik at han same året kunne byrje i øvste klasse på latinskulen i Bergen.

I 1818 vart han dimittert derfrå til examen artium. Han byrja studere teologi ved universitetet i Christiania og vart cand.theol. i 1825. I studietida skreiv han høvestundsdikt og prosaskisser, og nokre av dei fekk han prenta i tidsskriftet Hermoder.

Prestegjerning

Ein for Wolff viktig studietur gjekk til Telemark i 1822, då fekk han augo opp for nasjonalromantikkens syn på natur og folk. Turen var årsak til at han søkte og fekk stillinga som sokneprest til Mo (no Tokke prestegjeld) i 1825. I Mo lærte han å kjenne bonden og vilkåra hans. Han fekk sjå skinnbrev som han skreiv av, i tillegg til å skrive ned segner og viser, teikne handøkser og kyrkjekunst, og måla akvarellar av dalar og fjell. Prestekallet var magert, og han søkte seg i 1833 til Aurskog.

Som sokneprest i Aurskog møtte han mange vanskar. Prestegarden var vanskjøtta, og Wolff hamna etter ei tid i avisstrid etter å ha sagt om Aurskog at der var det «ufordragelige, indbildske og uredelige Folk, stygge som Fanden, og usundt Clima tillige».

Biletkunst

Kunstnarleg var Aurskog-tida uproduktiv, han klaga over at ingenting inspirerte han der. Han lengta attende til Telemark og søkte sokneprestembetet i Seljord, men fekk istaden embetet i Sauherad i 1840. I åra som følgde, utvikla han seg som biletkunstnar. Særleg viktig vart møtet i 1844 med Adolph Tidemand, som fekk han til å måle med oljefargar. Han lærte også av samtidsmålarane Johannes Flintoe, August Cappelen og J. C. Dahl.

Wolff har vore omtala som ein målar med romantisk naturoppfatning og emneval, trass i at han var oppvaksen i opplysningstida. Særleg er oljemåleriet av Sauherad kyrkje og prestegard trekt fram som poetisk.

Forfattarskap

Som forfattar blei Wolff i samtida lagt merke til med dei nasjonale forteljingane frå 1822, Hardangerne og Brudstykker af en Thellemarks-Vandring. I desse var det til og med nokre dialektinnslag. Hans viktigaste bok er Samlede poetiske Forsøg (1833). Denne inneheld ein del tidlegare prenta dikt frå studenttida, mellom anna Hvor herligt er mit Fødeland, som også fungerte ei tid som nasjonalsong, og eit betre dikt, Nordhavet.

I samlinga er det lite som peikar mot det bygdenorske, men det forklarar han i føreordet, der han skriv at han snart vil gje ut eit nytt hefte med «Sagn og beskrivende Idyller og Naturscener fra Norges Fjeldbygder». Dette heftet kom aldri ut. Truleg mista Wolff lysta til å skrive etter at J. S. Welhaven i tidsskriftet Vidar gav han drepande kritikk av ungdomsarbeida.

I Morgenbladet i 1850 er det ei Thelemarks-Vise skriven på telemarksdialekt av Harald Luraas, som truleg er Wolffs pseudonym. Dette kan sjåast i samanheng med Wolffs artikkel om det norske språket i Den Vestlandske Tidende i 1832. Artikkelen er eit varmt innlegg for bygdemål og særleg då telemarksmålet, men han hadde tvisyn på fornorskingsprosessen.

Wolff var òg ein pioner når det galdt innsamling av segner frå Telemark. Desse ville han behandle poetisk, men han hadde også planar om ei segnsamling. Difor svara han nei då Andreas Faye ville ha segner til samlinga si i 1833. Likevel blei det til at han samarbeidde med Faye.

I litteraturhistoriene har Simon Olaus Wolff fått dels reservert og dels særs knapp omtale, men Rikard Berge har i si bok om Wolff (1922) positiv omtale av diktarpresten som teiknar og folklorist. Berge nemner at han var nasjonalromantikar av skole, diktar av lynne, realist som samlar, var samfunnsengasjert, hadde eit klårt språk og var ein sterk forkynnar.

Utgjevingar i utval

  • Hardangerne. En national Fortælling, i Hermoder 3, 1822, s. 281–293
  • Brudstykker af en Thellemarks-Vandring i Sommeren 1822 (inneheld m.a. diktet Hvor herligt er mit Fødeland), ibid. 4, 1823, s. 15–22 og 31–36
  • Om det nye norske Sprog, i Den vestlandske Tidende 1832–33, s. 46–47
  • Samlede poetiske Forsøg. Første Hefte, indeholdende Ungdomsarbeider (dette heftet var det einaste som kom ut), 1833
  • Carnevals-Masker. Et poetisk Cosmorama. Markedsgave, 1836
  • Nordhavet, i Skilling-Magazin 1836–37, s. 257–258
  • Katechetisk Haandbog for Religionslærere. En sammentrængt Oversættelse af Dr. Wilh. Harnisch’s Enwürfe u. Stoffe zu Unterredungen über Luthers kleinen Katechismus, hf. 1: Over de ti Bud, 1848, hf. 2: Troens Artikler, Skien 1857
  • Thelemarks-Vise, i Mgbl. nr. 132/1850

Biletkunst

  • Satahullet i Sillejord, akvarell, 1822, Telemark Museum
  • Grove Hullet, akvarell, 1822, sst.
  • Lavrants eller St. Laurentius, akvarell, 1829, sst.
  • Sauerelven fra Haug, Saude, teikning, 1843, sst.
  • Laardal Kirke og Prestegaard, akvarell, u.å., sst.
  • Dalen med Botnedalsfjeldene i Baggrunden, akvarell, u.å., sst.
  • Sauer Prestegaard, akvarell, u.å., sst.
  • Hjartdals Prestegaard, teikning, u.å., sst

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Norsk forfatterleksikon, bd. 6, 1908
  • R. Berge: Simon Olaus Wolff, Norske folkeminnesamlarar 2:4, Risør 1922
  • J. U. Wolff: En norsk slekt Wolff, 1943, s. 12–13 og 93–270
  • E. Østvedt: Simon Olaus Wolff. En stillfarende kunstner, Bergen 1945
  • Ø. Anker: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 19, 1983

Faktaboks

Simon Olaus Wolff
Historisk befolkingsregister-ID
pf01058462000979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg