Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook

Varaldsøy er ei norsk øy og ein tidlegare kommune; øya ligger i dag i Kvinnherad kommune, Vestland fylke, den tidlegare kommunen lå i Hordaland fylke.

Øya Varaldsøy

Øya Varaldsøy er 45,4 km² og har 184 innbyggjarar (2024). Berggrunnen på øya består hovudsakleg av skifer med førekomstar av blå og kvit marmor, og er berglendt med stort sett avrunda former. Det høgaste punktet på øya, Varden på Øyefjellet i nordaust, er 599 meter over havet.

Varaldsøy er skogrik, og eføy og kristtorn veks vilt. Eit 650 dekar stort edellauvskogområde er freda som naturreservat. I reservatet veks mellom anna Nord-Europas største barlind.

Ved Volavatna i Volaheiane nordaust på Varaldsøy blei det i 1866 funne svovelkis (pyritt). Eit engelsk selskap stod for drifta, som varte fram til slutten av 1800-tallet. Seinare har det berre vore periodevis drift. I 2010 og 2013 var det prøveboringar i området med sikte på førekomstar av andre metall som opptrer saman med svolvelkis (mellom anna kopar, sink, sølv, gull).

På Varaldsøy vaks Thomas Barrat (1862–1940), grunnleggjaren av pinserørsla i Noreg, opp; far hans var styrar av gruvane på øya.

Frå Varaldsøy ferjekai sørvest på øya er det samband til Årsnes nord for Rosendal på austsida og til Gjermundshamn på vestsida av fjorden.

Tidlegare kommune Varaldsøy

Den tidlegare kommunen Varaldsøy vart oppretta i 1902 ved utskiljing frå den dåverande Strandebarm kommune. Til Varaldsøy kommune høyrde fram til 1965 i tillegg av øya med same namn, også Mundheim-området på vestsida av Hardangerfjorden. Dette året vart Mundheim-området lagt til Kvam kommune og øya Varaldsøy til Kvinnherad kommune.

Varaldsøy kommune utgjorde 83 km² og hadde 848 innbyggjarar då han vart oppretta og 811 innbyggjarar då han blei nedlagd.

Kart

Varaldsøy
Varaldsøy
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg