Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook
Vistehola
Vistehola, eller Svarthola, i Randaberg i Rogaland er ein av de eldste steinalderbuplassane som er funne i Noreg. Utgravingar i 1907 avdekte mellom anna eit skjelett og horn- og beinreiskapar.
Av .
Lisens: Gnu FDL

Vistehola er ei hole i Randaberg, om lag ti kilometer nordvest for Stavanger. Hola er ein av dei best kjende buplassane frå norsk steinalder. Ho har vore avbilda i mange norske skulebøker, og har vore med på å skape den vanlege, men feilaktige førestillinga om at steinaldermenneskene var «holebuarar». Det var dei som oftast ikkje. Frå hola kjem det best bevarte skjelettet av eit steinaldermenneske som er funne i Noreg, den såkalla Visteguten.

Faktaboks

Også kjend som
Vistehula; Vistehulen; Svarthola

Namnet

Første ledd av namnet er gardsnamnet Viste. Det høyrer visstnok saman med norrønt vist, 'bustad'. Namnet kan ifølgje Magnus Olsen sikte til at det på staden er påvist buplassar frå oldtida.

Busetjing

Hengesmykker frå Vistehola
Hengesmykker frå Vistehola (Svarthola), Randaberg
Av /Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Harpun av bein
Harpun av bein frå Vistehola
Av /Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Vistehola blei først undersøkt i 1907 og 1910, seinare i 1939 og 1941. Hola har vore nytta som buplass av fangstfolk i mange periodar av førhistorisk tid. Den største funngruppa omfattar jakt- og fiskereiskapar av stein, horn og bein, forutan måltidsrestar som skal og dyrebein.

Det meir enn éin meter tjukke kulturlaget dannar i alt fire sjikt etter ulike busetjingsperiodar. Det eldste kulturlaget er frå eldre steinalder, og det har òg vore folk i hola i yngre steinalder. Det yngste kulturlaget skriv seg frå jernalderen.

I dag ligg Vistehola om lag 16–17 meter over havet, men i steinalderen låg ho mykje nærmare sjøen. Truleg har det ikkje budd folk i hola heile året. I eldre steinalder flytta folk på Vestlandet seg rundt mellom fleire buplassar i løpet av eit år, for å utnytte ulike ressursar som veksla med årstidene. Ved Vistehola har ein høgst truleg først og fremst drive fiske, skjelsanking og sjøfangst, men beinmaterialet syner òg at folk har gått på jakt lengre inn i landet.

Beinrestar og skjel

Kjevefragment, tann og ryggknok av gråsel
Kjevefragment, tann og ryggknok av gråsel, funne i Vistehola
Av .
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Bein av geirfugl
Bein av geirfugl frå Vistehola, Randaberg
Av .
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Beinmaterialet frå Vistehola er blant det mest omfattande som er bevart frå norsk steinalder. Ein har påvist bein frå 36 ulike fugleartar, 23 ulike pattedyrartar og 16 ulike marine artar.

Av fuglar har ein mellom anna funne geirfugl, lundefugl, lomvi og alke. Av landdyr var det mest elg, men òg hjort, villsvin, gaupe, bjørn, rev, hare, grevling, ekorn, mår og oter. Gråsel og havert var dei viktigaste havpattedyra, og dei fleste fiskebeina er av torsk. At folk i Vistehola har fiska på djupt vatn vitnar funn av lange og fiskekrokar av bein om. På strendene har dei sanka østers, blåskjel, olbogeskjel, hjartemusling og strandsnigle.

Ut frå staden der hola ligg, skulle ein tru at mat frå sjøen har vore viktigast for dei som haldt til der. Den høge førekomsten av bein av landdyr, til dømes elg, villsvin og hjort, er difor noko overraskande. Truleg er noko av forklaringa på skeivfordelinga at mindre fiskebein ikkje er like godt bevarte, og at dei lettare kan ha vore oversett i undersøkingane som vart gjort tidleg på 1900-talet.

Frå Vistehola kjem òg restar av skjelett frå minst fire hundar, som ut frå beinbygninga kan ha likna ein del på dagens norske elghund.

Visteguten

Skjelettet av Visteguten
Skjelettet av Visteguten, stilt ut i ein glasmonter på Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Ved undersøkinga i 1907 blei det funne eit menneskeskjelett i avfallshaugen i Vistehola. Skjelettet er det best bevarte menneskeskjelettet frå steinalderen i Noreg. Lenge var det uvisst om skjelettet høyrde til ein ung gut eller ei ung jente, men kallenamnet «Visteguten» festa seg tidleg. Nyare granskingar har vist at Visteguten verkeleg var ein ung gut, og at han var om lag 14 år gamal då han døydde. Ei radiologisk datering av skjelettet tydar på at guten levde kring 6255–6025 fvt.

Visteguten var særs liten av vekst, berre 125 centimeter høg. Sjølv om folk i steinalderen var kortare enn i dag, må guten likevel ha vore låg for alderen sin. Muskelfesta er kraftige, og syner at guten har hatt ein velutvikla og kraftig muskulatur. Hovudskallen har teikn på kraniosynostose – for tidleg lukking av skallesaumane i kraniet – slik at guten har hatt ein uvanleg, langsmal kranieform («båtskalle»). Andre lyte på skjelettet har ein ikkje funne, og ein veit ikkje kva guten døydde av.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bang-Andersen, Sveinung (1983): Svarthålå på Viste – boplass i 6000 år. AMS Småtrykk nr. 13. Arkeologisk museum i Stavanger. Stavanger.
  • Brøgger, Anton Wilhelm (1908): Vistefundet: en ældre stenalders kjøkkenmødding fra Jæderen. Dreyer.
  • Brøgger, Anton Wilhelm (1910): Vistefundet: ny utgravning somren 1910. Naturen – Illustrert maanedsskrift for populær naturvidenskap 11/1910: 332–347.
  • Denham, Sean (2015): Nye analyser av skjeletter fra Viste i Randaberg og Håland i Hå. Frá haug ok heiðni 3/2015: 14–15
  • Gjessing, Helge (1920): Rogalands stenalder. Dreyers grafiske anstalt.
  • Lund, Harald Egenæs & Degerbøl, Magnus (1951): Fangst-boplassen i Vistehulen på Viste, Randaberg, Nord-Jæren: undersøkelsene i 1939 og 1941. Stavanger museum.
  • Mikkelsen, Egil (1971): Vistefunnets kronologiske stilling. Trekk av Rogalands eldre steinalder. Stavanger museums årbok 1970: 5–38.
  • Ravn, Mads & Barber, Jenny (2012): Prosessen bak rekonstruksjonen av Vistegutten. Frá haug ok heiðni 2/2012: 3–6.
  • Schulting, Rick J.; Budd, Chelsea; Denham, Sean (2016): «Re-visiting the Viste skeleton, western Norway.» Mesolithic Miscellany 24.1 (2016): 22–27.
  • Schülke, Almut (2022): Placing- fragmenting- circulating: Mesolithic burial and mortuary practices in Norway in a Northern European perspective. In: Færø-Olsen, Dag Erik 2017 (ed): The Stone Age Conference in Bergen 2017. UBAS. University of Bergen Archaeological Series. Bergen.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg