Guaraní er eit språk som høyrer til greina tupí-guaraní av den tupianske språkfamilien. Språket og dialektgruppa blir talt av opptil sju millionar menneske i Paraguay, Brasil, Argentina og Bolivia. Saman med ulike tupi-språk, som blir talte av urfolk i Brasil, utgjer guaraní språkfamilien tupí-guaraní. Vidare slektskap med andre urfolksspråk i Sør-Amerika er ikkje sikkert påvist.
Guaraní er førstespråket til over 5 millionar menneske – kring 5 millionar i Paraguay, 20 000 i Argentina (i provinsen Corrientes), 40 000 i Bolivia og 6000 i Brasil. Tala er noko usikre, og somme kjelder reknar med mellom 5 og 7 millionar talarar.
Guaraní har status som offisielt språk i Paraguay og er dagligspråk for mellom 40 og 90 prosent av befolkninga i landet. Variantar av guaraní er òg offisielle språk i delar av Argentina (provinsane Misiones og Corrientes i nord og dessutan Salta og Formosa i nordvest) og i Bolivia. Dermed er guaraní kanskje det søramerikanske urfolksspråket som står sterkast.
Guaraní har eksistert som skriftspråk med latinske bokstavar sidan 1600-talet. Jesuitten Antonio Ruíz de Montoya publiserte den første grammatikken i Madrid i 1639. Paraguay oppretta i 2012 eit språkakademi (Academía de la Lengua Guaraní) til å regulere ortografien.
Endonymet for språket er avañe'ẽ 'menneskespråket' eller 'indianarspråket' – i motsetning til kastiljansk (spansk), karaiñe'ẽ 'herrespråket'. Jamfør avá 'menneske', 'indianar', ñe'ẽ 'språk'. Paraguái er namnet på landet Paraguay, medan hovudstaden Asunción heiter Paraguay. Bolivia heiter Tetã Volívia 'landet Bolivia', og provinsen Corrientes i Argentina heiter Taragüí.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.