Svoboda | Graniru | BBC Russia | Golosameriki | Facebook

Hanafi-skulen er ein av de fire variantane av shariaen («lovskulane») innanfor sunniislam. Han har namnet sitt frå den rettslærde Abu Hanifa (699–767) frå Kufa i Irak. Men hans to elevar Abu Yusuf (d. 798) og Muhammad al-Shaybani (d. 804) er også sentrale autoritetar, og dei tre reknast saman som grunnleggarane av hanafi-skulen.

Deira rettstenking fekk oppslutning mellom rettslærde særleg i Kufa på 800-talet, og vart også kalla den "irakiske lovskulen". Dei la særleg vekt på at lova måtte byggast på logiske og rasjonelle argument, og dermed på dei rettslærdes eigne slutningar. Dette vart kritisert av dei som meinte at lovtolkinga måtte gå meir direkte ut frå openbaringstekstane, særleg tradisjonane etter Profeten (hadith). Etter kvart vart hadith det sentrale også i hanafi-retten, men dei heldt likevel meir fast på formell argumentasjon enn dei andre lovskulane. Hanafi-lov legg ofte meir vekt på formuleringar og ordlyden i eit utsagn enn dei tre andre lovskulane gjer.

Hanafi-lova aksepterer likevel, som dei andre skulane, at ei reint formell lovtolking basert på analogiar (qiyas) kan føre til resultat som er urimelege. Da kan den rettslærde gi ei tolking som følger lovas hensikt i staden. Det kallast istihsan (å søke det gode) og tilsvarar langt på veg maliki-skulens prinsipp om istislah.

Utbreiing

Hanafi-tolkinga av sharien fekk tidleg oppslutning i dei nordlege delane av det islamske riket, ikkje minst mellom tyrkarane som kom frå sentral-Asia. Med det breidde ho seg ut der tyrkarane tok kontroll, både i Anatolia (dagens Tyrkia) og Balkan, og austover til Afghanistan og India (dagens Pakistan, nord-India og Bangladesh).

Då det osmanske riket fekk makta i det sentrale Midtausten og nord-Afrika (så langt aust som til Algerie) på 1500-talet, vart hanafi-skulen gjort til den offisielle lovskulen også i område der maliki- og shafi'i-skulane alt var etablert. Dette vart regulert ulikt i ulike regionar, men det normale var at lokale muslimar følgde sine tradisjonelle reglar i det rituelle (bønn, faste og så vidare, der reglane også følger lovskulane), og ofte også i sivilrett, det vil si for å løyse konfliktar mellom innbyggarane. Strafferetten, domfelling av brotsverk, gjekk derimot alltid i den offisielle retten, som følgde hanafi-lova. På denne måten er hanafi-skulen den som har størst geografisk utbreiing av dei fire sunniske lovskulane.

I moderne tid er sharia-domstolane borte i det meste av det tidlegare osmanske riket. Men hanafi-lova har fortsatt innverknad, ikkje minst på familierett i store delar av den islamske verda, særleg i Afghanistan, Pakistan og India. I dagens Tyrkia, som har innført sekulær lov, er hanafi-skulens reglar avgrensa til rituelle spørsmål, som reglene for bønn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg